*skriv inn namn her*

I dag hadde eg tenkt å namngje dillspirene i vindaugskarmen (og i dag kjem det ikkje noko men...eller?). Sidan det strøymer på med namneframlegg og eg ikkje klarer å bestemma meg for kva namneframlegg eg likar best, skal eg ikkje drepa gledja dei kjære lesarane mine får av å koma med gode og fantasifulle namneframlegg, men (!) eg skal la nokre av spirene framleis heite DillX og venta med å namngje dei til eg har klart å bestemma meg for kva for framlegg eg synst er best (eg innrømmer at frk. Janne sin kommentar til førre innlegg òg spelte ei lita, men avgjerande rolle for denne avgjersla
- godt innspel, Janne!). I mellomtida skal eg prøva å koma opp med ein dillrelatert premie eg eventuelt kan gje til den eller dei som kjem med dei beste framlegga. Eg ser allereie at det kjem til å bli vanskeleg å koma opp med noko bra (som samstundes er dillrelatert) så eg kan ikkje lova noko, men dersom du kjem på noko, så ikkje nøl med å skriva det i kommentarfeltet!

No til sjølve namnegjevinga. Eg kjem til å gje namn til to av dillspirene - nemleg Dill2 og Dill5. Dill2 og Dill5 skal no få namna (høvesvis) Dall og Holom. Det er heilt rett at Dall og Holom ikkje var mellom framlegga i kommentarane, men eg syntest desse namna var så fiffige at eg ikkje kunne dy meg frå å bruka dei (men ikkje gje opp, namneframleggsgjevarar - det kjem fleire sjansar!). Eg vurderte å kalla ei spire for Dill, men det kunne fort blitt litt forvirrande, så eg lot vere. Dersom du ikkje «tar'n» -- bakgrunnen for namna, altså -- er det ingen grunn til å uroa seg. Det kjem eit oppklarande blogginnlegg om ei stund. Stikkord er rev og folkeeventyr. Meir torer eg ikkje seia.

Slik ser Dall og Holom (tidlegare Dill2 og Dill5) ut no:



I bakgrunnen kan de sjå stilken til Dill3. Den observange lesar kan òg sjå at Holom har vakse enormt frå i går! Dette går fortare enn eg hadde trudd det skulle då eg starta denne bloggen. Snart er det vel på tide å skriva litt om planten dill generelt. Eg lovar å gje dykk noko de ikkje finn på wikipedia eller google!
Stikkord:

2 kommentarar

K

23.apr.2010 kl.09:44

- Kill Dill (eller Krill Dill)

- Dillingøy (sivilteneste-administrasjonen)

- Dillbert

- Buffalo Dill

- Dillejesus

- dilleslange

- Ein kan om ein dill

- Dill going strong

- Dille stunder (jf den nest eldste nynorske tidsskriftet)

- Dill Clinton

Janne

23.apr.2010 kl.14:40

Åååh!

-Elledille

-Dulle

-Dada(isme)

-Krokodill

-Dallas

-Dilt

Eg kjem med meir, eg må berre tenkje meg litt om fyrst! Men herregud så fort dei veks! Eg ynskjer meg eit bilete av dei grøne fingrane dine:)

Skriv en ny kommentar

Kategoriar

Arkiv

hits