Kva dill i jungelen...
I dag hadde eg tenkt å gje namn til alle dei tri siste dillspirene. Tusen takk til alle som har kome med nemneframlegg! Supert! Eg har ikkje kome på nokre premiar til dei som kom med vinnerframlegga, men dei skal få merka det når eg gjer det, for å seia det slik! Men føst; noko heilt anna:

Så til dåpsseremonien: Dillspira tidlegare kalla Dill4 skal frå no av heite Dillefant. Det kom eg på heilt sjølv, og de kjem til å forstå det i samanheng med namna på dei to andre spirene som skal døypast i dag.
Dillspira tidlegare kalla Dill1 får namnet Krokodill (gratulerer, Janne) og dillspira tidlegare kalla Dill3 får namnet Dilleslange (Kudos, mystiske hr. K). Som de sikkert skjøner henspeler dei siste tri namna på dyr i jungelen, høvesvis ellefant, krokodille og brilleslange. Den siste er ekstra morosam av di Dilleslange for tida ser litt ut som ein brilleslange og apropos nyhendeoppslaget over. Her er dei alle i hop:

Frå venstre: Dall, Dillefant, Krokodill, Dilleslange og Holom.
Frk. Janne og mystiske hr. K kan kan kanskje venta seg ei overrasking i tida som kjem -- ver (kanskje) på vakt!
I neste veke ein gong kjem den unike teksten om dill eg lova dykk; den de ikkje finn maken til, korkje på wikipedia eller google (og med tanke på arten til den siste av dei to, må de rekna med at de ikkje finn maken på heile internett).

Janne
25.apr.2010 kl.19:58